Revidert 2024
BKSF er ein fagorganisasjon for profesjonelle biletkunstnarar i Sogn og Fjordane. BKSF er ein av Norske Billedkunstneres distriktsorganisasjonar og er forplikta av vedtekter og landsmøtevedtak i Norske Billedkunstnere (NBK). BKSF er organisert som ei foreining utan sjølvstendig økonomiske formål.
BKSF skal ivareta biletkunstnarane sine faglege, økonomiske, ideelle og sosiale interesser i Sogn og Fjordane.
§ 3-1. Skriftleg søknad om medlemskap stilast til BKSF sitt styre. Medlemskap kan oppnåast av profesjonelle biletkunstnarar busette eller med tilknyting til Sogn og Fjordane, som oppfyller opptaksvilkåra for distriktsorganisasjonane, vedtekne på NBK sitt Landsmøte. Medlemskap i BKSF medfører automatisk medlemskap i NBK.
§ 3-2. Medlemar skal betale kontingent til både BKSF og NBK. Kontingenten til BKSF blir fastsett av årsmøtet. Samla kontingent innbetalast til NBK. Medlemer som ikkje har betalt kontingentane innan utgangen av året og som har motteke skriftleg påkrav, misser sitt medlemsskap i BKSF. Nytt medlemskap kan berre oppnåast etter betaling av skuldig kontingent til BKSF og NBK. Ved oppnådd pensjonsalder skal ein berre betale halv BKSF-kontingent.
§ 3-3. Profesjonelle biletkunstnarar som buset seg for kortare eller lengre tid i Sogn og Fjordane, har rett til opptak utan ny vurdering når dei har vore medlem i ein annan distriktsorganisasjon eller ein grunnorganisasjon.
§ 3-4. Ved innmelding gir det enkelte medlem fullmakt til at BKSF kan forhandle om og inngå kollektive avtalar med myndigheiter og lokale brukarar i Sogn og Fjordane. Fullmakta er ikkje-eksklusiv.
§ 3-5: Medlemar som grovt motarbeider foreininga og medlemane sine felles interesser, kan ekskluderast eller utelukkast frå foreininga for kortare eller lengre tid. Vedtak om eksklusjon krev 2/3 fleirtal. Vedtaket kan appellerast til neste årsmøte. Styret kan i særskilde tilfelle avgjere at eksklusjonen ikkje blir iverksett før appellen er handsama.
Årsmøte (§ 5), Styre (§ 7), Valnemnd (§ 8), Jury (§9), Kontrollperson (§ 10).
§ 5-1. Årsmøtet er BKSF sitt øvste organ. Vedtak fatta på årsmøtet er bindande for BKSF sine medlemar.
§ 5-2. Årsmøtet vert kvart år halde før 10. mars. Innkalling med førebels dagsorden sendast ut minst 6 veker før møtet. Andre saker til årsmøtet fremjast til styret og må vere innkomne 4 veker før årsmøtet. Berre saker som er fremja på denne måten, kan takast opp på årsmøtet. Dagsorden med alle sakspapir sendast ut minst 2 veker før møtet.
§ 5-3. Alle medlemar i BKSF har rett til å møte på årsmøtet. Medlemar som ikkje kan møte, kan gje skriftleg fullmakt til ein annan medlem. Fullmakt med ope mandat sendast ein medlem, fullmakt med bunde mandat sendast styret. Ingen medlem kan ha meir enn tre fullmakter. Årsmøtet er vedtaksført når minst 1/4 av medlemane er representerte. Dersom årsmøtet ikkje er vedtaksført, skal det kallast inn til nytt årsmøte innan 4 veker. Dette årsmøtet er vedtaksført uansett frammøte, men kan berre handsame dei sakene som er fremja til det ordinære årsmøtet.
§ 5-4. Inviterte observatørar har møterett, men ikkje stemmerett.
§ 5-5. Årsmøtet konstituerast ved godkjenning av innkallinga, fastsetting av dagsorden, val av møteleiar og to medlemar til å godkjenne referatet.
§ 5-6. Årsmøtesaker:
Årsmøtet handsamar:
Styret si årsmelding
Rekneskap
Saker fremja av, eller gjennom, styret
Handlingsprogram
Budsjett
Fastsetting av medlemskontingent
Val
Oppnemningar
§ 5-7 Val:
Årsmøtet vel:
Styreleiar
Styremedlemar med vara (2+1)
Valnemnd (2+1)
Kontrollperson
Representantar til alle verv vert valde for 2 år. Samme person kan ikkje ha fleire verv i organisasjonen. Berre medlemar i BKSF kan veljast.
§ 5-8 Oppnemningar:
Årsmøtet oppnemner: .
Representant og vara til Vestlandsutstillingens Årsmøte (1+1)
Representant og vara til Innstillingskomiè til regionale prosjektmidler for visuell kunst (1+1)
Representant og vara til fylkeskommunens stipendjury (1+1)
Representant og vara til Rådet i Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) (1+1)
Representant og vara til Fagutvalg for kunst i offentlige rom ved Hordaland kunstsenter (1+1)
Representantar som vert oppnemnde i desse verva, føljer funksjonstida til vedkomande organ. Berre medlemar i BKSF kan veljast.
Ekstraordinært årsmøte skal innkallast med minst 4 vekers varsel når minst 1/5 av medlemane, eller eit fleirtal i styret, krev det. Krav om ekstraordinært årsmøte skal fremjast skriftleg til styret. Sakspapira skal følgje innkallinga. Berre den eller dei saker det blir kravd ekstraordinært årsmøte for, kan handsamast. Møtet konstituerer seg på same måte som eit ordinært årsmøte.
§ 7-1. Styret er BKSF sitt øvste organ mellom årsmøta. Styret vel sjølv nestleiar.
§ 7-2. Styret har ansvaret for BKSF si verksemd, med unntak av dei oppgåvene som etter vedtektene er tillagde Årsmøtet (§ 5), Valnemnda (§ 8) og Kontrollperson (§ 10). Styret har ansvaret for gjennomføring av vedtak fatta på årsmøtet. Det skal haldast minst 4 styremøte i året.
§ 7-3. Styret skal innkallast med minst 7 dagars varsel og sakspapira sendast ut i god tid før styremøtet. Det skal førast referat frå styremøta. Innkalling, sakliste og referat gjerast fortløpande tilgjengelege for medlemane etter spurnad. Styret kan knyte til seg sekretær/saksførebuar/kasserar.
§7-4. Styret er vedtaksført når minst 2 styremedlemar er til stades.
§ 7-5. Oppnemningar som ikkje skjer på årsmøtet, blir gjort av styret.
§ 8-1. Valnemnda skal under omsyn til forslag frå Styret og medlemane, nominere kandidatar til val av styreleiar, styremedlemar, valnemnd og kontrollperson (§5-7) og andre verv der BKSF skal vere representert (§ 5-8). Valnemnda si innstilling skal følgje sakspapira til årsmøtet.
§ 8-2. Valnemnda skal under omsyn til forslag frå styret og medlemane, foreslå inntil tre kandidatar til kvart av verva som skal veljast på NBK sitt Landsmøte.
§ 8-3. Valnemnda skal under omsyn til forslag frå styret og medlemane, foreslå inntil 3 kandidatar til Den nasjonale Jury og NBK sin Stipendkomite.
§ 8-4. Valnemnda skal i sitt arbeid legge vekt på fagleg, kulturelt, geografisk mangfald og på alder og kjønn.
§ 8-5. Valnemnda er vedtaksfør når 2 av nemnda sine medlemar er til stades.
§ 9-11. I BKSF fungerer styret som jury.
§ 9-2. Juryen er BKSF sitt kunstfaglege råd og jury i Sogn og Fjordane. Juryen er ansvarleg for kunstnariske vurderingar, utstillingar, stipendtildelingar, konkurransar og liknande. Ved medlemsopptak er juryen samansett av to styremedlemar i BKSF og ein ekstern representant frå ein annan distriktsorganisasjon. Medlemsopptak går føre seg ein gong i året.
§ 9-3. Ved eksterne juryverv, der BKSF skal oppnemne jurymedlemmar, finn juryen fram til kandidatar.
§ 9-4. Juryen skal vere fulltaleg (3 stk) for å vere vedtaksfør.
§ 9-5. Juryen utfører sitt arbeid sjølvstendig og innanfor sitt mandat. Juryen sine avgjersler kan ikkje overprøvast og treng ikkje grunngjevast. Det skal førast protokoll frå jurymøta.
§ 9-6 Alle vedtak blir gjort med alminneleg fleirtal.
Kontrollpersonen skal gjennomføre kritisk vurdering av styret si verksemd og økonomiske disposisjonar. Kontrollpersonen kan også vurdere årsmøteoppnemnde komitear sitt arbeid. Kontrollpersonen kan ikkje ha andre tillitsverv i BKSF. Kontrollpersonen skal ha tilsendt korrespondanse og anna skriftleg materiale som er naudsynt for hans/hennar arbeid, og skal ha tilgang til alle BKSF sine dokument. Kontrollpersonen legg fram rapport til årsmøtet.
Styret innkallar til medlemsmøte etter behov. Møta sin funksjon er å diskutere aktuelle saker og utveksle erfaringar. Medlemsmøtet sine synspunkt er rådgjevande for styret.
Styret, kan sende saker som er spesielt viktige for medlemane ut til uravstemming. Likeins kan eit årsmøte, eller eit ekstraordinært årsmøte, vedta at ei sak skal sendast til uravstemming.
NBK sine Landsmøtevedtak og BKSF sine årsmøtevedtak kan ikkje overprøvast ved uravstemming.
Landsomfattande uravstemmingar som er bindande etter NBK sine vedtekter, bind også BKSF sine medlemmar. Dersom ikkje minst 2/3 av medlemane i uravstemminga stemmer likelydande, er ikkje uravstemminga bindande, og den endelige avgjerda takast av styret. Årsmøtet fastset instruksar for den praktiske gjennomføringa av uravstemminga.
Oppløysing av organisasjonen kan berre skje med 2/3 fleirtal på årsmøte eller ekstraordinært årsmøte. Møtet som skal handsame forslag om oppløysing, må innkallast med tre månaders varsel. I tilfelle vedtak om oppløysing, skal det samstundes avgjerast korleis BKSF sine midlar og andre aktiva skal ivaretakast og/eller disponerast.
Endringar av vedtekter krev 2/3 fleirtal på eit årsmøte. Vedtektsendringar trer i kraft etter førebels godkjenning av NBK sitt sentralstyre. Vedtektsendringar er ikkje endeleg vedtekne før dei er godkjende på NBK sitt Landsmøte.
BKSF SINE VEDTEKTER BLEI VEDTEKNE PÅ ÅRSMØTET I 1986.
Seinare er det vedteke endringar på årsmøta i 1988, 1991, 1992, 1996, 1997, 2000,2001, 2004, 2005, 2006, 2007, 2010, 2012, 2015, 2016, 2018, 2019 2023, 2024